HENDER
Eg vil halda deg
varsamt i hendene mine
til du er flygeklar
Men ikkje så lenge at
du ikkje tør fly
Eg vil stå her og sjå deg
løfta vengene dine og stiga
Og eg vil vera her
så du kan koma tilbake
for å kvila
Men det er fridom du skal søka
og din eigen veg
Hender er berre til låns.
(Bente Bratlund)